Quantcast
Channel: Ansvarlig Næringsliv
Viewing all articles
Browse latest Browse all 311

Dakota-røyrleidningen godt handtert av norske finansinstitusjonar

$
0
0

Foto: Wikimedia Commons

Frå november i fjor til mars i år  har DnB, Sparebank 1,  KLP og Storebrand trekt ut sine investeringar i selskap som deltar i utbygginga av Dakota Access Pipeline i USA. DnB har òg gått ut av sin del av prosjektlånet til utbygginga.

Sett frå OECD-kontaktpunktet vil vi peike på at selskapa i denne prosessen har gått fram slik OECD forventar, seier Ola Mestad, leiar av Kontaktpunktet. Dei har hatt dialog med den berørte urfolksgruppa, Standing Rock Sioux Tribe, og har prøvd å påverke prosjektet i riktig retning før dei avgjorde at dei ville trekke seg ut.

OECD har i samarbeid med interesseorganisasjonar, urfolk og fleire større industriselskap utarbeidd ein rettleiar for interessentdialog med berørte partar i utvinningssektoren. Den blei lansert i 2016 og gir instruktiv rettleiing om korleis ein bør gå fram for å finne ut av og vurdere krenking av brot på menneskerettar og urfolksrettar. Sjå artikkel om Kontaktpunktets seminar om interessentdialog med berørte partar her.

Vidare lanserer OECD i dag, 28. mars, ein særskild rettleiar for institusjonelle investorar, om korleis dei skal handtere situasjonar der dei gjennom sine investeringar er knytta til mogelege menneskerettsbrot og miljørisiko.

Foto: Fredrik Naumann

Den måten finansinstitusjonane har handtert situasjonen etter at den blei kjent, er godt i tråd med krava i desse to rettleiarane, seier Mestad, og legg til – Men det synest som om sivilsamfunnsorganisasjonar i utgangspunktet har spelt ei avgjerande rolle for at finansinstitusjonane sette i verk og gjennomførte prosessane. Det illustrerer samspelet som OECDs retningslinjer føreset mellom selskap og sivilsamfunn. Men det beste ville sjølvsagt vere at selskapa gjennom sine aktsomhetsvurderingar sjølv i utgangspunktet  identifiserer slike risikoar for menneskerettsbrot.

Om uttrekka, sjå:

 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 311